Smørhamn Handelsstad

 

Prisar 2021, 1-3 pers., 15. mai – 15. sept. Resten av året 20 % avslag.

Ant. døgn nr. 1 «Otrehola» nr. 2 «Notadongjen» nr. 3

«Vindeloftet»

nr. 4

«Krabbekassa»

nr. 5

«Ørnereiret»

1* 1400 1500 1400 1100 1100
2 2400 2600 2400 1800 1800
3 3600 3900 3600 2700 2700
4 4700 5100 4700 3500 3500
5 5800 6200 5800 4300 4300
6 6800 7300 6800 5000 5000
7 7800 8400 7800 5700 5700

Kr. 100 i tillegg pr. døgn pr. pers. over 3 pers.

Barn under skulealder(6 år) vert ikkje talt med.

 

Sengetøy og vask

Ein kan leige sengetøy og handkle for kr. 130,-. Oppreidd seng kr. 180,-

Ønskjer de utvask, kostar det kr. 500,- for nr. 1, 2 el. 3 og kr. 300,- for nr. 4 el. 5.

Båtutleige
Vi har 2 båtar, Pioner 15 fot med 9,9(15) Hk motor, til utleige.

Kr. 350,- pr. dag/kr. 250,- for inntil 4 timar. Kr. 1400,- pr. veke. Bensin kjem i tillegg.

 

Innsjekking normalt frå kl 14.00. Utsjekking normalt seinast kl. 12.00. Både innsjekk og utsjekk kan tilpassast etter avtale.

 

Utleigevilkår for Smørhamn Handelsstad:

 

Delbetaling som bekrefter di bestilling, 20 % av leigesummen, skal betalast til vår konto. Konto nr.: 3705.08.89360.

 

Restbeløp skal vere innbetalt seinast 7 dagar før ankomst.

Ved bestilling mindre enn 14 dagar før ankomst, skal heile leigesummen innbetalast.

 

Avbestillingsreglar

Avbestilling må skje skriftleg/ på mail til smorhamn@gmail.com

 

Ved avbestilling meir enn 14 dagar før ankomstdag, vert ein ikkje fakturert for restbeløpet. Delbetaling for bookinga vert ikkje refundert.

Ved avbestilling 14-7 dagar før ankomst, 50 % refusjon.

Ved avbestilling mindre enn 7 dagar før ankomstdag, vert leigesummen ikkje refundert.

Om opphaldet vert avbrote før bestillingsperioden er over, vert ikkje noko refundert.

 

Restbetaling for evt. sengetøy, båtbruk og vask, skal betalast før avreise.

Vi har VIPPS og betalingsterminal.

 

NB! Til Covid 19 situasjonen betrar seg, set vi ned avbestillingsfristen for full refusjon minus delbetaling, til 3 dagar før ankomst, etter dette 50 % refusjon av leigesummen.